Indre Sognbil AS har levert kvalitet og service til bilkundar i Indre Sogn sidan etableringa i 2001. Vi held til i Årdal – innerst i Sognefjorden – berre 3–4 timar frå både Oslo og Bergen.
Frå oppstarten har vi vore autorisert forhandlar av Peugeot, og frå juli 2025 går vi inn i ein ny epoke som stolt forhandlar av BYD, Suzuki og Isuzu. Vi er også autorisert merkeverkstad for desse merka, samt Peugeot og DS Automobiles.
Som MECA-verkstad utfører vi service og reparasjon på dei fleste bilmerke, med høg kompetanse og moderne utstyr.
I tillegg tilbyr vi kosmetisk bilpleie, slik at bilen din ser like god ut som den køyrer.
Hos Indre Sognbil møter du erfarne fagfolk som set kvalitet, tryggleik og kundetilfredsheit først – anten du skal kjøpe ny bil, treng service eller vil gi bilen litt ekstra pleie.